Ein rappar er ein som framførar tekstar ved å «rappa», ei kunstform som ligg i grenselandet mellom song og tale. Rapparar blir som regel rekna som musikarar, ettersom dei oftast framfører tekstane sine til musikk eller i det minste ein bakgrunnsrytme. Dei skil seg frå spoken word-artistar ved at dei nesten alltid snakkar raskt.
Rapparar vert òg gjerne kalla MCar. Rapping er eit av dei fire elementa i hiphop.